Service i skjærgarden
Strandrydding
Me står i front i kampen mot forsøplinga av strendene våre, og driv profesjonell strandrydding i stor skala. Som verksemd i privat og offentleg sektor, organisasjon eller privatperson kan du bidra ved å kjøpa ryddeavtalar hos oss.
Sjøtransport
Me utfører sjøtransport i Sunnhordland for både firma og privatpersonar, og kan frakta t.d. material, maskinar, dyr osv. Levering rett på kai eller i fjæra – der du ønsker!
Event & Teambulding
Saman med deg planlegg me kjekke opplevingar for private grupper eller for dei tilsette i bedrifta di!
Rov-tenester
ROV-teknologi gir trygg og effektiv inspeksjon av brygger, kaier og fortøyingar – også der dykkarar ikkje kjem til. I samarbeid med Onarheim Ocean tilbyr me kontroll, dokumentasjon og undervassinspeksjon med 4K-kamera for både privatpersonar og næringsliv.
Kai-inspeksjon
Få full oversikt over tilstanden på brygger, kaier og marine anlegg med profesjonell inspeksjon over og under vatn. I samarbeid med Onarheim Ocean tilbyr me kontroll med ROV-teknologi som avdekkjer slitasje, rust og skadar før dei utviklar seg vidare.
Vedlikehald av brygger
Inngå ein fast avtale om kontroll og jamleg vedlikehald av brygge eller kai – eller få hjelp til enkeltoppdrag innan vedlikehald og rehabilitering. I samarbeid med Onarheim Ocean tilbyr me ei komplett løysing, med inspeksjonar og vedlikehald både over og under vatn.
Siste nytt frå skjærgarden
Få med deg siste nytt frå oss på Facebook og/ eller Instagram. Me set stor pris på om du vil følga oss, og me blir alltid glade for likes, delingar og kommentarar:) Støtta di betyr mykje for oss i kampen for plastfrie strender! Klikk på bilda nedanfor for å sjå meir på Instagram.
“Skjærgårdservice ryddar strendene rundt alle lokalitetane våre to gangar i året. Vi har gode interne system for avfallshandtering, og Skjærgårdservice sitt arbeid gir oss ein ekstra tryggleik for at vår aktivitet ikkje bidrar til forureining av fjordane.”
BREMNES SEASHORE
