
Service i skjærgarden
Strandrydding
Me står i front i kampen mot forsøplinga av strendene våre, og driv profesjonell strandrydding i stor skala. Som verksemd i privat og offentleg sektor, organisasjon eller privatperson kan du bidra ved å kjøpa ryddeavtalar hos oss.
Sjøtransport
Me utfører sjøtransport i Sunnhordland for både firma og privatpersonar, og kan frakta t.d. material, maskinar, dyr osv. Levering rett på kai eller i fjæra – der du ønsker!
Event & Teambulding
Saman med deg planlegg me kjekke opplevingar for private grupper eller for dei tilsette i bedrifta di!
Siste nytt frå skjærgarden
Få med deg siste nytt frå oss på Facebook og/ eller Instagram. Me set stor pris på om du vil følga oss, og me blir alltid glade for likes, delingar og kommentarar:) Støtta di betyr mykje for oss i kampen for plastfrie strender! Klikk på bilda nedanfor for å sjå meir på Instagram.
“Skjærgårdservice ryddar strendene rundt alle lokalitetane våre to gangar i året. Vi har gode interne system for avfallshandtering, og Skjærgårdservice sitt arbeid gir oss ein ekstra tryggleik for at vår aktivitet ikkje bidrar til forureining av fjordane.”
BREMNES SEASHORE